torsdag, august 04, 2011

Flåtthalsbånd og treningsvest

I det siste har embla fått mykje flått, så eg måtte sette inn tiltak. Gjer meg litt vondt å sette gift på bikkja, ikkje at eg trur ho dævver av det men så lenge eg kan sleppe prøver eg på det.

Har høyrt mykje godt om ravhalsbånd mot flått, det skaper statisk elektrisitet i pelsen og gjer at flått ikkje fester seg. I utgangspunktet høyrdes det litt søkt ut, men fleire på Hundesonen har hatt god erfaring med det.

Ellers så er det opptatt og vedtatt at eg skal kjøpe treningsvest til meg, så eg har ein plass å ha leiker og godbiter når me trener. Og det blir ein Hurrta vest.
Forslag til kva farge eg vil ha mottas med takk, eg heller mot rosa faktisk :P

lørdag, juli 30, 2011

Spor og tur

Idag fekk eg gå halv dag, sidan det vr lite ungdommer på huset og det var stille og rolig. Herlig, så eg køyrde til vagleskogen, og var nøgd med at hundekassa sto i bilen, eg tok med nokre godbiter, ein heilag pipeball, og klesklyper med markeringsband på, og tusla innøve.

Eg liker å legge spor i vagleskogen for trass i at det er mange turløyper er det og mykje urøyrt skog, og det er heilårsbåndtvang der så sjangsa for at ein annan lurehund stikk av med slutten er minimal :)

Så køyrde eg heim og henta gullet i hundegarden, øvde litt på å ikkje spurte ut av garden når den åpnes, så føyk me avgarde. Turen opp til sporet var i halsband og bånd mens sporlina og sporselen hang i buksa mi, (må verkelig få meg hundeførervest så eg har plass til alt stasjet).

Eg la embla på grusvegen vendt mot sporstart, knepte av bandet, tok på sporsela, heiv ut sporlina, knepte den på og sa "SØK" eg tykkjar det er så kjekt at sjølv om me går spor altfor sjeldent så veit ho så godt kva ho skal. Ho starta og fann sporstart nokre meter innfor stien. Ho går rolig ok kontrollert og er ganske sjølvstendig. Ho går feil her og der, derfor er det greit å ha klemmene til eige bruk, men ho henter seg alltid inn. Ho er og lett å lese når hodet er nede og halen til topps er ho på rett veg, kjem hodet opp er det vanskelig eller så er ho gått litt feil og må hente seg inn på overvær.

Me gjekk i høgt gras, over på skogbunn, gjennom nokre stabler med stokker/provosorisk gapahuk, og litt bortføre det var det jammen sporslutt og godbiter og PIPEBALLEN OOOOOOOOO LYKKE! Me leiker litt med ballen og hiver litt.

Så knepper eg av ho sporlina og legg ho i dekk, så eg får rulla den saman. Det kom ein jogger på grusvegen 10 m frå der ho låg, ho stokk og føyk opp ga frå seg eit boff, eg tenkte å hei hå no stikk ho og skal helse på joggeren så må eg slukøyra gå og beklage meg og hente ho! MEN neida når ho føyk opp og boffa, kom det automatisk eit skarpt nei frå meg, og då blei ho ståande, og la seg kjapt når eg kommanderte ligg igjen, YAY.

Så knepte eg på bandet, og festa sporline og sele i buksa og gjekk ein liten runde i lysløypa før me tusla til bilen :)



Denne veg!




Ehm eg har visst gått feil, gje eg 2 sek


Ballen!



Ohmnomnom kjekke kjekke ballen!!!! tenk at nokon hadde gløymt den i skogen, flaks at eg fant han!

søndag, juli 24, 2011

Hundehimmelen har fått ei ny stjerne




Idag når du skulle ut på tur, falt du sammen begynte å skjelve og blø frå munnen. Me starta panisk å prøva å få liv i deg, og ringe dyrlegevakten, men me innsåg snart at det ikkje var vits.

9 år blei du. Du kom til oss etter me hadde vore naboer i 2 år, faster gjekk bort, og både far, og onklane mine ville overta deg. Faster tenkte framover og ho hadde bestemt du skulle bu hjå oss, du skulle ikkje flytta.

Ei frøken med eigne meininger, likte ikkje så mange menn, og framande, hadde ikkje stukket av om du hadde fått betalt av det. Og var som myten om border collie - født lydig. Dette på tross av at du berre var halvt border.

Aldri noko trøbbel med deg, greit nok skulle du spise opp alle andre hunder, om du var i bånd, men var du laus var det null problem. Dei 2 siste åra når me var utstyrt med godbiter i passeringer var ikkje dette heller eit problem. Om vinteren blei du stivare og stivare i hoftene, du begynte å bli gammal, men det stoppa ikkje deg, du ville alltid på tur.
Til vanlig var du rolig i garden men når du høyrde Irene sin bil visste du at det ikkje var lenge til tur, så då følte du at det var viktig å sei ifrå at du altså var heime du og.

Når du var blitt rett over 6 år, var nokon så idiot at dei tok med ein kvalp heim, og den forsvant aldri. Stor og svart var den, akkuratt den typen du ikkje likte. Men det var jo ein kvalp og det gjekk som ein drøm. Embla hadde ein respekt for deg som ho ikkje har vist nokon annan, du blei aldri knøvla, men guuuuuu så ho forguda deg, når du nedverdiga deg til å leike med ho.

Du lata som du ikkje brydde deg når ho var vekke, men me såg at du kikkte og leita etter ho i hundegarden, no er det ho som skal leite etter deg, men ho kjem ikkje til å finne deg. For no kviler du.

Du var embla sin læremester, lærte ho "yoga" i hundegarden, var barnehagetanta hennar, og selskapet hennar ute. Du har lært meg mykje om hund, og du har vore eit levande minne om faster.

No blir det eit tomrom etter deg!









søndag, juli 03, 2011

Hønemor, og ferie

Sundag kveld etter me hadde vore på fjellet, syns eg snuppa gjekk litt rart og stusslig, så eg ba ho legge seg og velta ho på rygg. Oppdaga då masse små klumper/kviser med guff i i brystet under "armene framme og bakover brytkassen. men ingenting på bakparten.

Først kom panikken, æææ kva er dette og kor kjem det frå, så oppgitthet for kva gong eg skal vekk over lengre tid skjer det noko med snuppa, ein gong var det heftig langvarig diare, kennelhoste og no dette.
Eg fekk far bort til å sjå, og prøvde å pusta med magen. Etter litt om og men resonerte me oss fram til at det var akkuratt der selen hadde vore, så det var enten gnagsår, insektsbitt eller noko sånn. Selen blei blaut på turen, og det kom sikkert masse busk og lyng imellom.

Mondag morgen måtte eg reise på jobb i telemark, og jenta var pjusk, eg instruerte Irene opp og ned i mente takka alt som takkas kan at ho ikkje skulle på kennel men vera "heime".
Tysdag fekk eg rapport om at brystet var pløsete og hovent, og at ho nok hadde slikka på småsåra der. Då blei det krage på ho når ho var åleina. Når eg kom heim nått til fredag var ho i full vigør, såra var tørka inn, og det er berre skorper igjen.
Imorgen reiser eg på ferie i ei veke og då skal ho igjen få vera hos "tante"

Angåande selen falt det meg først ikkje inn at det kunne vera den som var årsaken, for den har me brukt lenge, til sykling og snørekjøring, men det er nok kombinasjonen overivrig hund som vil til sauer, kombinert med lyng under selen og at den var blaut. Så når alt av skorper er vekke vil den bli brukt igjen, men kjem nok til å følge nøye på om den gnager noko.

Trening er det dårlig med for tida. Men når eg kjem heim på sundag skal eg jobba vanlige vakter, og då blir det tid til trening av frøkna og det gleder em oss til! Så f.o.m 11 juli er med gjerna med på rally eller sportrening :)

lørdag, juni 25, 2011

150 sauer + 2 hunder + familien Asheim

Ankommet destinasjon og sauene velter ut, litt logistikk med å få dei opp i lia og innøve fjellet.
Mykje lyd då sauer og lam skal finna saman igjen etter å ha vore delte på reisa(sånn at lamma ikkje skal bli trødd på av dei vaksne) Me driv dei vel 1 1/2 yime innover før me slepp dei og dei får vandre fritt i fjellheimen til dei skal heim igjen første helg i september. Blit mange fine turer opp for å sjå om dei iløpet av sumaren :)



Embla er beinklar, eg valgte sele istaden for kløv for eg tenkte meg det kom til å koka litt ekstra i toppen på ho med så mange sauer, og då er det greit at eg stoler på at selen held ho.



Men sjølv om ho peip og hoppa og drog som ein sledehund kvar gong eg stoppa så var det berre snusing og logring når sauer snudde seg og helste på. Eg klarte og å mista båndet ein gong, då det var slakt hukka seg av kroken og eg merka det ikkje når ho satte igong. lettere panikk då, ho for mot sauene, eg brølte og såg for meg splitta flokk sprengte sauer og jah, MEN tøtta snudde etter litt og kom til paniske meg :) flottings


Bakdelen av flokken





"Kom igjen! me ligg LANGT bak sauene er jo der framme"

rett før me skulle stoppe og la dei siste finne lamma sine før dei vandra avgårde, stakk 5 sauer med lam oppover ei li, litt krise for me hadde ikkje oversikt over om dei hadde alle lamma sine eller for mange, så først for tonje oppover og sprang som ein helt, så trengtes det forsterkninger så embla blei tjora til eit tre og eg oppover lia, nådde ikkje igjen sauene, men dei hadde rett lam.

Eg kom ned igjen til resten av flokken der me skulle sleppa dei og embla var all alone med treet sitt. Når alle sauene hadde funnet lamma, gjekk eg for å henta Embla og matsekken som og hadde blitt kasta i prosessen. Og gjett om eg høyrde kor tøtta var, når ho høyrde det nærma seg nokon bjeffa ho og uttrykte at dette var lite kult gjort! Men alt glemt når me tusla avgårde.




Trøtt på rasteplassen etter ein dag med båndgjeting :)

Ein flott dag om ein ser vekk ifrå ei mor som stresser vondt verre av ALT, kan jo få høgt blodtrykk berre av å høyre på ho.
Men på det positive var embla særs lydhør sjølv om ho var gira på sau, ho tok retningsendringer, sitt og ligg som ein draum. så me var faktisk litt effektive i gjetinga idag :)
Men å sleppe ho laus på sau er relativt uaktuelt :P

mandag, juni 20, 2011

15 sauer + 2 hunder + 1 far + 2 døtre =

07.00 kjørte me utifrå gardsrommet med 5 sauer og 10 lam i hengeren, 2 hunder i bagasjerommet og og 3 stk i bilen. Destinasjon: suleskar heiene og sumarbeite. Sist helg var far og storesyster mi oppe i "heia" og sjekka beite. Det var tja greit nok, litt mykje snø endå, men akseptabelt. Derfor ville han opp ein gong til før me sender opp nesten heile flokken på beite i 2 mnd. Så me tok med oss nokre sauer som har fått "stelam" endten fordi dei berre har fått ett lam eller at eit av dei døyde med fødsel, dermed har ikkje alle dei så sterke bånd, som dei andre sauene. Så fekk dei ta turen utan mas og tjas med heile flokken der dei må finne lamma at.

Me kom fram litt over halv 9, og ja eg let bileta tala for seg sjølv for eg har jo fått ny mobil med akseptabelt kamera :)



Embla er båndhund/kløvhund/trekkhund for ho skulle gjerna smakt litt på delikatessene foran seg. Zita leiker sauehund/følgehund/froskejakthund.

Embla drog innihampen i starten så eg brukte energi på bremsing og å halde meg på føtene.


Desse er dei heldige, som får testa sumarbeite først av sauene våres, beitet kjem seg fort her, sjølv om akkuratt dette ikkje såg så sprekt ut.



Godt drag i selen, for komma litt nærmare



Har tatt farvel med sauene, og matpausen er i gang, Zita ville ikkje ha maten sin ho ville ha embla sin så den tok ho mens embla drakk vatn. Så då havna alt foret der og dei delte fint. Det blei og kvar si pølse, litt skinke, ost, paprika og agurk


Takk for maten


Ligger og kviler litt her ja, ho sovna kjapt etter maten




Bålkos!


Bålansvarlig


Ivrig pølsegriller



Og toppen av lykke me fant snø som dei kunne leika i :)

Fin fin dag!

søndag, juni 19, 2011

3 år. hyttetur og FA

Onsdag 15 juni var det 3 år siden dette nurket blei født

Eg var på jobb så dagen blei heilt vanlig for frøkna.

Fredag var det duka for hyttetur! Det var ei vennine, eit vennepar og ein kvalp me skulle reisa med. Planen var hyttetur til Grinde ikkje så langt frå Aksdal, men jammen var det EVIG lang fergje kø! 2-3 km før kaien starta den. Og sidan Silje og Erlend hadde glemt sengetøy og uansett måtte snu, endte det opp med at me reiste til ei anna hutte på moi, Så det blei ei stund i bil ja. Me koste oss på hyttetur og eg er VELDIG fornøyd med korleis Embla oppførte seg mot kvalpen. Ho var tydelig i grensene men rettferdig. På kvelden fekk ho ei strupe, og han hadde et eller anna tyggeting. Han rusla mot henne og ville ha hennar strupe, då kom det eit dupt knurr. Og det gjorde at Konrad som kvalpen heiter tok hintet og lot ho vera i fred. Samstundes var det ikkje noko problem at kvalpen var i nærheten medan ho åt eller at me var rundt ho.
Ho roa seg fint på puta si, men var og med på nokre rundar rundt spisebordet til Konrad sin store fornøyelse.

Laurdag tok me turen til flekkefjord sentrum, og me tusla og kikka, og nede på kaien var det ei lita jente på 1,5 år som hadde sett hunden :) mora kom bort og spurte om dattera kunne få hilse på, og det fekk ho sjølvsagt. Eg spurte om eg skulle legge ned Embla så ho ikkje var så stor, og det tykte mora var veldig greit. Når det kom til stykke var ikkje dattera så opptatt av klappe men meir snakke til embla og konstatere at det var ein hund. Men mora kosa og Embla var fornøyd.

Etter "byturen" var det tid for kortspel på terrasen og knoll og tott låg og kvilte litt. Dei fekk litt tyggesnacks, og Konrad var klok frå leksjonen dagen før og visste akkuratt kor nærme han fekk vera Embla medan ho tygde, så han la seg på "grensa" og beundra og tigga frå helten sin sjølv om han hadde maken ting sjølv. Og sidan han ikkje prøvde å ta stupa var det heilt greit for embla at han låg der.

alt i alt gjekk helga over all forventning eg såg for meg texas tilstander med evig lek og fysisk skilling, men det trong me ikkje :)

Sundag morgen var det duka for FA. Me hadde oppmøte 08.45 og var først ute men fekk ikkje starta før nærmare 10 pga litt personell problemer.
Det var 7 startane hunder 4 rottweilere, 2 maller og ein weaten terrier. Dei to mallene var frå A kullet til Steffen som var hovedarrangør for belgerklubben, det var noko slektskap på dei andre rottweilerane og var det far og sønn + ein import til samme kennel montro? hmm

Uansett til testen ja. Eg forventa å stryke på skudd, då eg veit at ho ikkje tykkjar det er så kult, men jammen blei me brutt på skrammelet. som var det ehm 6 momentet?

Først var det hilsing på "flokken" dommere hjelpere og tilskuere - Det var jo som forventa ikkje noko problem ho er jo utrulig glad i folk

Neste var lek- og ho er jo ikkje vanskelig å be, ho blei faktisk så ivrig at ho prøvde å ta skinnet når me skulle gjemme det og

Så var det lille haren en snor med ei fille på som ble trukket mellom noen stolper og gjennom et rør.- her sprang ho ut men brukte litt tid på å sjekke ut røret filla var dratt inn i. Andre del her var griping av bytte, filla ble trukket videre hunden sluppet, og hun sprang rett bort til filla, men nølte litt med grepet, men var absolutt godkjent. Og embla ville gjerne hatt med filla hjem.

Så var det store haren, et menneske under teltduker som beveget seg bortover veien før ho la seg ned. Dette var litt skummelt, eller hun føyk ut i en feiende fart, så tok hun på håndbrekket og skrudde på volumet ca 2 m fra. så då måtte eg komme nærmare, og etterkvart kle av teltduken etter ho hadde snusa litt og funnet ut at det var et mennenske.

Så kom me til ehm gruppa? iallefall masse trefolk på et felt, eg skulle springe gjennom rope på embla gjemme meg, før hunden blei sluppet. Hunden skulle då finna eiger. Og det gjorde ho kjapt og greit. Andre gangen blei det dratt opp ein ny tremann akkuratt når ho sprang forbi. Eg såg jo ikkje dette men ho stokk, og hadde tatt seg nokre runder rundt "folka" før ho kom på at ho eigentlig var på veg til meg :)

Så var det kjeledressen, kjeledressen blei dratt opp rett på sida av oss idet me gjekk mot den, her stokk ho og ville helst ikkje bort, men ho gjekk bra forbi når me gjekk nokre gonger fram og tilbake etterpå. Eg reknar med at ho ikkje avreagerte heilt her

Så kom me til skrammelet, eg veit jo at skudd, smell og unaturlige lydar er hennar "akillis- hel" og når skrammelet datt kom halen mellom beina og ho kom bort etterkvart, men ville ikkje lukte på skrammelet, og syns ikkje dette var ein kul skog. Da tok dommerane avgjerelsen om at dei brøyt ho og det var eg veldig einig i for ho avreagerte ikkje, og ville jo da fått "følgefeil" vidare for da var det mesta litt ukult.

Eg og testleder prøvde å leika ho opp litt på veg tilbake, og ho kom seg, men ho var ikkje "embla" Eg tok ein liten runde og halen kom høgare og høgare før eg la ho i bilen.

Så kom dommen:
Som dei sa så har eg ein utrulig sosial hund, som reagerer på høge lydar. Det veit eg jo så kan ikkje vera uenig i det :) dei var sjarmert av ho, og roste både bygning, teikningar, og pels. Samstundes undra dei om eg hadde tenkt å avle på ho, og eg avkrefta jo det heftig og sa at ho allereie var sterilisert så det ville vera litt vanskelig :P
Det sa dei med tanke på at lydberørt het er til ein ganske stor grad arvelig.

Men joda så neida ingen overraskelser, og avgjørelsen var heilt rett, sjølv om det hadde vore kjekt å sjå korleis ho hadde tatt dei andre momenta.

Eg blei igjen og såg på dei fleste andre, og såg både stryk og bestått. Den siste eg såg var ein av mallane frå Steffen sin kennel Belgerulven, og dæven altså, malle hadde vore kanon kult, men då må eg nok gå nokre runder med meg sjølv for å vera sikker på at eg kan gje den nok stimuli, og utfordringer, for ein understimulert malle er fryktelig lite aktuelt.

Bileta er ærlig og redelig stjålet frå Steffen Oliversen som leika eminent fortograf i tillegg til arrangere testen.



Eiger spring gjennom "gjengen og i skjul


Testleder held hunden til eiger er i skjul



Hund børner avgårde til eiger, første gangen beine vegen, neste gong smell det opp eit ekstra "gjengmedlem"



Hunden skal bort å sjekke ut den skumle.


Joda så dette var tja siste veka vår :)

søndag, juni 12, 2011

Sporsesongen er oppstartet

Eg skulle eigentlig ha jobba i helga, men av ulike årsaker blei det fri på meg. Då hadde eg jo plutselig masse tid til overs. Dermed var det ikkje lenger nokon unnskyldning for å ikkje trena spor.
Som sagt så gjort me reiste opp til vagleskogen, eg forlot hunden i bilen, gjekk ut eit spor på tja mja ca 70-80 m. Så ned å hente hunden for ein joggetur medan sporet låg og godgjorde seg. Og for dei som lurte har visst kondisjonen betra seg, for gåpausane blir færre og kortare :)

Etter joggeturen var det ned til bilen hive på halsbånd, og ta med sporline og sporsele og rusle opp til sporstart. Eg hadde mine bange anelser om korleis dette skulle gå, ikkje har me gått spor sidan før snøen i vinter, og i tilegg hadde me jogga rett før.

Men superhunden sviktar ikkje, eg gidde ho søk kommandoen ca 2 meter før sporstart, og ho fann starten og tusla avgårde. Ho er ikkje ein hund som spring spor, ho går spor og er nøye i søket sitt, og det syns eg er heilt flott.

Ho havna litt feil ein gong, men henta seg inn sjølv. Hadde litt godbiter i starten og eit par steder underveis i sporet, i slutten låg nokre godbiter og pipeballen. Når ho kom til slutten var ho rimelig fornøyd, og ho leika litt med ballen, så i tillegg fekk ho lov å ligge å tygge på ballen medan eg kvela sporlina. Eg såg sikkert litt merkelig ut, for eg hadde merka sporet med klesklyper og merkebånd, som eg plukka ned igjen iløpet av sporet dermed såg eg nok ut som eit vandrande juletre ettersom eg festa dei i jakke i farten, men men dei gale har det godt.

Så for dei som vil ha bra sporterreng er vagleskogen ein god stad. Er nokre turløyper, men samtidig heilårsbåndtvang som stortsett blir overholdt dermed er det ikkje så stor fare for at det kjem laushunder, og stjel sporslutt :P Og lysløypa er perfekt "rusle tur mens sporet ligg og godgjer seg litt" runde.

tirsdag, juni 07, 2011

Gårsdagen

Igår var det tid for debuten vår i Rallylydighet.
Det regna som bare det og forventningane sank i takt med regn mengden og elvene som danna seg i banen. Men det gjekk jo ganske så bra, me endte med en 3 plass og 183 poeng, og dermed fekk me ett "napp" til opprykk til klasse 2 :) så to stevner til med poengsum over 180 eller eit med poengsum over 190 så er me i klasse 2 :D

Snille dommerelev (No ferdig dommer, igår faktisk) Karianne fekk Olaug til å filme konkurransen vår.
Vår rallydebut ærlig og redelig sporet opp og stjålet frå Karianne :)

Dette er ikkje akkurat det besta me har gått, så med betre verforhold, og om det ikkje er bekker kua embla kan drikke av skal me nok klara oss :)


Fornøyd drukna deltaker, og dommerelev(øyestraks dommer) Karianne :)

søndag, juni 05, 2011

Fysisk fostring og dagane som går

Ja no er som sagt oppgaven levert, sommerjobb starta og livet tusler og går.
Eg har meir tid til trening, både av Rally og av kondisjon og styrke. Så i det sista har det blitt nokre joggeturer på Embla, ikkje at det er så stress for ho å holde følge med mi jogging, men det er no iallefall "jogging" for henna og. Sykkelen er og i bruk og ho spring FINT, trekk viss eg oppmuntrer henne ellers held jo jevnt og fint tempo med sykkelen. Eg held ho på gras/grus altså i grøfta, der det ikkje er mulig tek me det rolig.

Ellers er me påmeldt Funksjonsanalyse 19 juni. Tanken var egentlig mentalbeskrivelse men det får en ikkje gjer med mindre hunden er reinrasa og registrert i NKK, Embla har jo ikkje stamtavle og er dermed registrert i NOX-registeret i NKK som er for blandingshunder. Så då blei det FA, han som ordner og fikser med påmelding var snill nok til å spør om dommerene ville ta MH på embla uoffisielt, men det ville dei ikkje.
Eg forventer at ho stryk på skudd ellers skal det nok gå greit. Gleder meg til å få ein vurdering av mentaliteten "utanfrå", sjølv om eg anser ho som ei stabil frøken.

Ellers er tanken å komme igang med litt spor no iløpet av veka, det har fått litt andre prioritert for Rally denne våren.

Og til helga skal eg jobba siste helga i avlastningsjobben, er nokre helger igjen i sommerjobben men etter 1 aug har eg helgefri :D

No trur eg at nervene or morgondagen er på vei, men me tar det som trening og satser på det besta :)

tirsdag, mai 31, 2011

Solskinnstrening

Igår skulle eg egentlig vore på rallytrening på sola men sånn blei det ei.
Derfor kjente eg litt på angsten og måtte spørra Gerd Marit om det ikkje var ein god ide med trening, det var ho heldigvis einig i :) Me prøvde oss på å få med Carita og Olaug og men blei nok litt kort varsel.

Men me møttes kl 18 og bygget bane med ganske så mange momenter i. Etter briefing kasta eg og Embla oss igong, uten å leike ho opp eller kontakt trening. Me var på ny plass og det gjekk som det måtte gå, masse snusing.

Gerd Marit og Cora gjekk det betre for, for dei tenkte litt lengre og hadde litt kontakttrening først. Men litt vimsing blei det, og jammen endte det opp i at Cora blei tråkka på. Og då var det ikkje så kult med vendinger og tette sitter etterpå. Men det gjekk betre mot slutten så dette ordner seg FINT tenker eg.

Me gidde oss alle på topp, og hunden fekk seg ein liten joggetur etterpå, eller kall det kva du vil krever ikkje så mykje å halde følge med meg på joggetur gitt :P

No er det jobbing imorgen, og heile helga så er det dommedag!