fredag, april 15, 2011

Diverse

Tja ta onsdagen først då kanskje.
Var å gjekk tur rundt stokki, med ei vennine og Embla på ettermiddagen. Me starta så me kom til den grillesletta og volleyballbanen først. Det var fina veret så nokre ungdommer hadde funnet ut at dei skulle spela voleyball. Kombinasjonen embla og ball i fart blir ofte heftig og begeistra så eg stålsette meg :P Embla såg ballen og blei interessert, men så gjekk ballen ut av banen, og ein gut plukka den opp. Han blei ståande å holda ballen og dei andre blei utålmodige og masa på at han måtte serve. Då sa han det som varma eit hundeeiger hjarta: (han var engelsk men tar det på norsk) "Det er ikkje rettferdig mot hunden, den har lyst på ballen. Eg server når hunden har gått forbi" Akk søte gutten det, synd han nok var altfor ung for meg :P

Så vandra me vidare, og var komt eit stykke. Me gjekk og skravla og eg er forkjøla så hørselen er redusert. Plutselig kom det bakfrå: "Nå blir dykk snart angrepne bakfra" Ehm okai snudde meg og der kom det ein mann på tja mellom 40 og 50 år med ein schæfer på sykkel. Okai tenkte eg då får me flytta oss så me gjekk over på andre sida av gangstien. På vei over kom det: "Erdet tispe eller hannhund?" og ho er jo tispe så eg svarte tispe. "Då kan dei få hilse" svarte som sant er" Ho får ikkje helse når me er på tur i bånd" tenkte at då var det over og han sykla vidare, men neida han blie ståande å sjå dumt på meg "og du har ikkje tenkt å sleppe båndet?" svarte som sant var nei det har eg ikkje tenkt å gjer. då blei mannen sint då, eg kunne se å dra meg til h********te vekk derifrå og eg var visst både det eine og det andre. Så starta han å sykla og slapp hunden i et område med heilårs båndtvang. Blei lettere satt ut så eg måtte jo høyra med vennina mi om eg hadde vore frekk, men eg hadde jo ikkje det. Og kva tenkte han at eg skulle sleppa hunden så dei kunne leke midt på en gangsti full av folk? Har jo høyrt om merkelige hundefolk men har liksom vore skåna for dei enn så lenge.

Ellers såg eg igår på Finn at "oppdretteren" til Embla hadde kull liggande ute, desse var og utan papirer. Men eg funderte litt på at sjølv om eg ikkje har kontakt med dei eller embla har papirer har eg jo fått ein bra hund frå dei.
Så eg sendte mail til dei for å høyra litt, for eg veit det hender dei har kull med stamtavle og. Skjønner ikkje heilt korleis dei driv og om det er hunder uten stamtavler dei avler på eller om det er med stamtavler men at dei selg valpane utan eller korleis det er. Dette vil vera krav på neste hund for eg vil ha mulighet å sjå slekt, evnt mentalttester og om dei er røngta + at eg vil ha mulighet til å ta championtitler på hunden ikkje nødvendigvis i utstilling.
Fekk svar idag, og dama var omtrent så kort i svara som ho var når eg kjøpte Embla. Ho sa det var bra eg var fornøyd med hunden, og at ho kunne ta kontakt om dei skulle ha kull med stamtavle. Har eg nevnt at Eg aldri snakka med dei før eg henta Embla på kaien til horten- moss ferja? Embla er kjøpt via mail og sms. Og kritereiet for at eg skulle få kjøpa ho var at eg ikkje var narkoman.
Neida så joda så sånn går nu dagan

0 synspunkt: