På mondag inviterte Gerd Marit til litt eigentrening på sola sidan det berre er organsisert trening anankvar veke. Me møtte opp og det var meg, Monica og Gerd Marit med hundar sjølvsagt.
Før trening måtte me ut å lufta oss litt, så me tok ein tur rundt om i nærområdet, når me kom opp sykkelstien med det eg kaller det nye byggefeltet(og som eg har avslørt at carita bur i) såg eg plutseleg vinking inne frå den eine leiligheita, og det var jo carita jo! Ho åpna vinauga og undra på om me kunne komma rundt så sambuaren kunne få helsa på Embla. Klart me kunne det! Embla skrudde på sjarmen, viktig det når dei vurderer å få seg stor hund kanskje ho kan lokka dei til rottweiler? Etter ein liten kos og smask runde der, tura me heim igjen, og då hadde me jo jammen plutseleg dårleg tid! Heiv oss i bilen og avgårde til Sola.
Skikkeleg keisamt å venta på at Gibson skal bli ferdig med å gå bana jo.
Det blei sett opp ein bane frå ein haustcup som hadde vore. Me briefa og eg oppdaga til min glede at det ikkje var sitt.stå skilt :P me har ikkje heilt taket på den øvinga kan ein sei, men no har me starta innlæringa heime så går seg til.
Det var ei kjekk trening der me trena ein og ein hund medan me andre såg på og kommenterte, eg merkar at Embla gjerna vil bort og helsa litt på tilskuarane om me er nærme eller vender den vegen, så må nok trena med "liksom" dommar i banen så ho ikkje starter klining med dommar på konkurranse det ville jo mogligens vore disk:P
Ellers meiner eg no at me var rektig så flinke alle saman!
Bileta er ærlig og redeleg stjålet frå Gerd Marit, her ligg det bileta av dei 2 andre som var med :)
Leika litt ja! Shake it
Lineføring
Søte jenta mi

4 synspunkt:
Flinke jentene :-)
Eg syns og me va jysla flinke og glede meg te flerne treninger. Gerd Marit e flink t å ta initiativ så eg tippe det ikje blir så lenge te neste gang :-)
Sier det her og jeg; påske og hyttetur på oss fra mandag (etter plan), men hvis det passer for dere kan vi klare en ny omgang før det? Så lenge lyst at vi trenger ikke være en plass med lys....
Eg kan vel alle dager utenom 1 påskedag, så eg er ikkje så vanskelig nei :D
Knallbra at du har så god rottweilerreklame!! Kjekt, slikt! :-) Eg skrøyte jo så fælt av Embla til alle som gidder å høyre på, eg også, så ho er viden kjend, ho ;-)
Tips til kontakt med forstyrrelsar:
Stå med Embla i sitt ved sida av deg.
Gerd Marit og Monica står eit stykke fra og ser på. Belønn all kontakt Embla gir deg.
Når Embla gir deg MASSE kontakt heile tida, kan dei to andre begynne å bevege seg litt, men på same avstand. Embla vil nok miste konsentrasjonen eit lite sekund, men straks ho gir deg kontakt igjen, belønner du med snacksy godbitar.
Når ho mister interessen for dei to andre igjen, auker dei vanskelighetsgraden igjen. Dette kan dei ved å
* bevege seg litt meir overdrivent
* lage litt lyd med føtene
* lage lyd med stemmen
* klappe seg på låret
* lage smattelydar
* bevege seg nærmare dåkken
* o.s.v.
Dersom Embla faller heilt ut og baaaare ser på dei to andre, må kriteriene senkas til ho klarer å gi deg kontakt igjen.
Det er nesten likt som når ein trener antihopping, dette her, og ein kan gå ganske raskt fram. Med ein gong Embla klarer å ignorere dei to andre, er det på tide å auke kriteriene.
Ti økter med slik trening fordelt på ein mnd, så skal det JORDSKJELV til før Embla mister kontakten med deg ;-)
Legg inn en kommentar