Ja i helga stod kurs i rallylydighet med Karianne på planen.
Me starta med teori på fredag frå 18-21 med info om sporten, stress hos hund, belønning, og inf om skilt + ein film av alle øvelsene i klasse 1.
Dag to troppa me friske og raske opp kl 10. Me starta med ei lita økt med kvar hund så Karianne kunne sjå korleis me låg an og kva me eventuelt måtte jobba med. veldig greit. Så blei me delt i to-spann som skulle jobbe saman me nokre skilt på ulike områder. Veldig greit. Eg kome med Anne Katrine(Cathrine, Kathrine) og Nova ein søøøøøøøt Cocker spaniel på 8 år. Dei var kjempeflinke sjølv om en del av øvelsane var ukjente for dei. På slutten av dagen var Embla sleten og blei mykje meir snusen og mindre fokusert enn tidligare på dagen. Eg burde nok muligens gitt meg litt før men det gjorde eg no ikkje.
Vel heime la Embla seg til å sove og det kunne eg og tenkt meg og gjort men eg skulle ut på fest.
Trøtte og fæle kom me oss no til kursdag nr to. Embla var fullt lada opp igjen for ho starta morgenen med leik og tjooghei heima.
Idag var det små baner som gjaldt, samansett ca 6 skilt til å starte med og neste gong var det vel ca 8. Me var no 3 og tre som jobba på samme banen, og me fekk sjå andre hunder enn tidligare, veldig greit å få sjå andre hunder og. Dette gjekk godt, men eg merka at når me gjekk den siste banen måtte eg jobbe mykje for å få ho med. Så sjølvinnsikta sa at det nok var lurast å ikkje gå den siste fulle banen. For då hadde med nok slutta på ein nedtur, og ikkje med ein god slutt som me fekk.
Eg har lært mykje både med egen hund og ved å sjå på andre på kurset. sleten i kropp og sjel.
Hundane var veldig forskjellige nokre blei betre og meir fokuserte utover dagen, mens nokon var som mi og blei litt utlada utover dagen.
Hundane som var med var 3 pudler ein stor, ein mellom(?), og ein toy, ein Pischer, ein cocker spaniel, og Embla pembla.
Det var ein flott gjeng, og Karianne gjorde ein bra innsats som instruktør og Carita ein bra innsats som hjelpeinstruktør. Sjølv om det var varierande mottakelighet for tips og triks iallefall frå mi side utover dagen :)
Me gleder oss til å jobbe videre med momentene:
-Beine dekk
-sitt i front er sitt i front, beint og ikkje skjeivt eller stå eller noko anna
-Ikkje sette seg i 360 venstre, 270 venstre og helomvendinger(er blitt betre enn utgangspunktet allereie)
-Briefe baner nøye og ikkje snurre feil vei :P
- Holde tempo oppe så Embla følger betre med
-Huske å belønne mitt i banen, mitt i momenter.
-Belønne midt i banen med lek for å få betre intensitet
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

5 synspunkt:
Hørtes ut som ei kjekke helg :)
En blir sliten av å gå på kurs, det huske eg når me hadde agility på ei helg. Då va både me og Gibson heilt sletne i hode ittepå. Men så er det utrolig kjekt også. Skal dere på rallytrening imorgen? Eller tar dere en dag pause?
Eg håper me kjem ein tur må sjå an dyret, men ho lada seg fullt opp til idag, så satser på at ho er fit for fight imorgen. Er jo ikkje så lenge då :)
Så kjappe du er da - mye energi til overs og ingen oppgave å skrive på, kanskje ;)
Regner med å se dere der. Så san det ikke blir et inni h#¤@! regnvær er vi klare ihvertfall. takk for kjekk helg!
Dåkken var skikkelig flinke i helga, og det blei lange dagar, så om humøret ikkje var heilt på topp heile tida, så er det heilt naturlig ;-)
Tips som kan hjelpe mot sittar i venstrevendingar: Begynne med store sirklar og gå innover i ein spiral til du gjer små nok sirklar til at du er nøgd. Belønn med godbitar underveis.
I den innerste sirkelen, må du gå ganske raskt, sånn at hunden heile tide merker at du er i bevegelse. Og voila (som det heiter på utenlandsk), har du fått flotte venstresvinger og sirklar og 270 og greier :-)
P.S. Trur du gjorde SVÆRT lurt i å ikkje gå den siste banen, men du såg jo kor fantastisk Cora gjorde det, det kan hende Embla også hadde glimta til ;-)
Ja, jammen var du rask til å blogge, sjøl kapitulerte eg før kl 20, men tenker det straks må bli litt oppdatering.
Eg for min del, syns det var musikk å høyre at andre hadde same frustrasjonen som meg, og ikkje minst var like mottakelig for input i dei trasigaste øyeblikka. Då er eg ikkje aleine om det, og det er herlig.
Eg syns dåkke gjorde det knallbra, hadde eg bare hatt det utgongspunktet, så hadde eg vore særdeles fornøyd.
Men håpar jo på at me også kjem dertil ein gong. =)
Masse lykke te vidare, håpar på å treffe på dykk i framtidige treningssituasjonar. =)
Legg inn en kommentar