mandag, juni 20, 2011

15 sauer + 2 hunder + 1 far + 2 døtre =

07.00 kjørte me utifrå gardsrommet med 5 sauer og 10 lam i hengeren, 2 hunder i bagasjerommet og og 3 stk i bilen. Destinasjon: suleskar heiene og sumarbeite. Sist helg var far og storesyster mi oppe i "heia" og sjekka beite. Det var tja greit nok, litt mykje snø endå, men akseptabelt. Derfor ville han opp ein gong til før me sender opp nesten heile flokken på beite i 2 mnd. Så me tok med oss nokre sauer som har fått "stelam" endten fordi dei berre har fått ett lam eller at eit av dei døyde med fødsel, dermed har ikkje alle dei så sterke bånd, som dei andre sauene. Så fekk dei ta turen utan mas og tjas med heile flokken der dei må finne lamma at.

Me kom fram litt over halv 9, og ja eg let bileta tala for seg sjølv for eg har jo fått ny mobil med akseptabelt kamera :)



Embla er båndhund/kløvhund/trekkhund for ho skulle gjerna smakt litt på delikatessene foran seg. Zita leiker sauehund/følgehund/froskejakthund.

Embla drog innihampen i starten så eg brukte energi på bremsing og å halde meg på føtene.


Desse er dei heldige, som får testa sumarbeite først av sauene våres, beitet kjem seg fort her, sjølv om akkuratt dette ikkje såg så sprekt ut.



Godt drag i selen, for komma litt nærmare



Har tatt farvel med sauene, og matpausen er i gang, Zita ville ikkje ha maten sin ho ville ha embla sin så den tok ho mens embla drakk vatn. Så då havna alt foret der og dei delte fint. Det blei og kvar si pølse, litt skinke, ost, paprika og agurk


Takk for maten


Ligger og kviler litt her ja, ho sovna kjapt etter maten




Bålkos!


Bålansvarlig


Ivrig pølsegriller



Og toppen av lykke me fant snø som dei kunne leika i :)

Fin fin dag!

2 synspunkt:

Gerd Marit sa...

Ser ut som familein Asheim koser seg på tur - både to- og firbeinte! Skulle likt å se Cora der - da hadde nok sauene fått fart på seg oppover fjellsida - snø eller ei :)

Gratla med ny mobil! Kjekt med gadgets ;)

Kari Anne sa...

Dette høyres ut som ein draum av ein tur!! Nå har eg lest innlegget fleire gonger, og sett på bildene endå fleire gonger, og kan nesten sei eg har vore der sjølv nå :-)

Flinke kløvhunden Embla :-)