søndag, juni 12, 2011

Sporsesongen er oppstartet

Eg skulle eigentlig ha jobba i helga, men av ulike årsaker blei det fri på meg. Då hadde eg jo plutselig masse tid til overs. Dermed var det ikkje lenger nokon unnskyldning for å ikkje trena spor.
Som sagt så gjort me reiste opp til vagleskogen, eg forlot hunden i bilen, gjekk ut eit spor på tja mja ca 70-80 m. Så ned å hente hunden for ein joggetur medan sporet låg og godgjorde seg. Og for dei som lurte har visst kondisjonen betra seg, for gåpausane blir færre og kortare :)

Etter joggeturen var det ned til bilen hive på halsbånd, og ta med sporline og sporsele og rusle opp til sporstart. Eg hadde mine bange anelser om korleis dette skulle gå, ikkje har me gått spor sidan før snøen i vinter, og i tilegg hadde me jogga rett før.

Men superhunden sviktar ikkje, eg gidde ho søk kommandoen ca 2 meter før sporstart, og ho fann starten og tusla avgårde. Ho er ikkje ein hund som spring spor, ho går spor og er nøye i søket sitt, og det syns eg er heilt flott.

Ho havna litt feil ein gong, men henta seg inn sjølv. Hadde litt godbiter i starten og eit par steder underveis i sporet, i slutten låg nokre godbiter og pipeballen. Når ho kom til slutten var ho rimelig fornøyd, og ho leika litt med ballen, så i tillegg fekk ho lov å ligge å tygge på ballen medan eg kvela sporlina. Eg såg sikkert litt merkelig ut, for eg hadde merka sporet med klesklyper og merkebånd, som eg plukka ned igjen iløpet av sporet dermed såg eg nok ut som eit vandrande juletre ettersom eg festa dei i jakke i farten, men men dei gale har det godt.

Så for dei som vil ha bra sporterreng er vagleskogen ein god stad. Er nokre turløyper, men samtidig heilårsbåndtvang som stortsett blir overholdt dermed er det ikkje så stor fare for at det kjem laushunder, og stjel sporslutt :P Og lysløypa er perfekt "rusle tur mens sporet ligg og godgjer seg litt" runde.

0 synspunkt: