søndag, juli 03, 2011

Hønemor, og ferie

Sundag kveld etter me hadde vore på fjellet, syns eg snuppa gjekk litt rart og stusslig, så eg ba ho legge seg og velta ho på rygg. Oppdaga då masse små klumper/kviser med guff i i brystet under "armene framme og bakover brytkassen. men ingenting på bakparten.

Først kom panikken, æææ kva er dette og kor kjem det frå, så oppgitthet for kva gong eg skal vekk over lengre tid skjer det noko med snuppa, ein gong var det heftig langvarig diare, kennelhoste og no dette.
Eg fekk far bort til å sjå, og prøvde å pusta med magen. Etter litt om og men resonerte me oss fram til at det var akkuratt der selen hadde vore, så det var enten gnagsår, insektsbitt eller noko sånn. Selen blei blaut på turen, og det kom sikkert masse busk og lyng imellom.

Mondag morgen måtte eg reise på jobb i telemark, og jenta var pjusk, eg instruerte Irene opp og ned i mente takka alt som takkas kan at ho ikkje skulle på kennel men vera "heime".
Tysdag fekk eg rapport om at brystet var pløsete og hovent, og at ho nok hadde slikka på småsåra der. Då blei det krage på ho når ho var åleina. Når eg kom heim nått til fredag var ho i full vigør, såra var tørka inn, og det er berre skorper igjen.
Imorgen reiser eg på ferie i ei veke og då skal ho igjen få vera hos "tante"

Angåande selen falt det meg først ikkje inn at det kunne vera den som var årsaken, for den har me brukt lenge, til sykling og snørekjøring, men det er nok kombinasjonen overivrig hund som vil til sauer, kombinert med lyng under selen og at den var blaut. Så når alt av skorper er vekke vil den bli brukt igjen, men kjem nok til å følge nøye på om den gnager noko.

Trening er det dårlig med for tida. Men når eg kjem heim på sundag skal eg jobba vanlige vakter, og då blir det tid til trening av frøkna og det gleder em oss til! Så f.o.m 11 juli er med gjerna med på rally eller sportrening :)

2 synspunkt:

Kari Anne sa...

Jammen godt det klarna opp igjen, det greiene.. Eg har aldri høyrt om sånne gnikkeskader før, eg... Selen skal vær såpass stor at det er plass til fire fingrar mellom armhola og der selen går, har eg lest ein plass.

God tur kor enn du skal :-)

Gerd Marit sa...

Ååå nei så trist. Blir nok et savn for dere og oss også :( men hun hadde det godt hos dere til det siste. Kos til dere alle 2 og 4 beinte.