lørdag, juli 30, 2011

Spor og tur

Idag fekk eg gå halv dag, sidan det vr lite ungdommer på huset og det var stille og rolig. Herlig, så eg køyrde til vagleskogen, og var nøgd med at hundekassa sto i bilen, eg tok med nokre godbiter, ein heilag pipeball, og klesklyper med markeringsband på, og tusla innøve.

Eg liker å legge spor i vagleskogen for trass i at det er mange turløyper er det og mykje urøyrt skog, og det er heilårsbåndtvang der så sjangsa for at ein annan lurehund stikk av med slutten er minimal :)

Så køyrde eg heim og henta gullet i hundegarden, øvde litt på å ikkje spurte ut av garden når den åpnes, så føyk me avgarde. Turen opp til sporet var i halsband og bånd mens sporlina og sporselen hang i buksa mi, (må verkelig få meg hundeførervest så eg har plass til alt stasjet).

Eg la embla på grusvegen vendt mot sporstart, knepte av bandet, tok på sporsela, heiv ut sporlina, knepte den på og sa "SØK" eg tykkjar det er så kjekt at sjølv om me går spor altfor sjeldent så veit ho så godt kva ho skal. Ho starta og fann sporstart nokre meter innfor stien. Ho går rolig ok kontrollert og er ganske sjølvstendig. Ho går feil her og der, derfor er det greit å ha klemmene til eige bruk, men ho henter seg alltid inn. Ho er og lett å lese når hodet er nede og halen til topps er ho på rett veg, kjem hodet opp er det vanskelig eller så er ho gått litt feil og må hente seg inn på overvær.

Me gjekk i høgt gras, over på skogbunn, gjennom nokre stabler med stokker/provosorisk gapahuk, og litt bortføre det var det jammen sporslutt og godbiter og PIPEBALLEN OOOOOOOOO LYKKE! Me leiker litt med ballen og hiver litt.

Så knepper eg av ho sporlina og legg ho i dekk, så eg får rulla den saman. Det kom ein jogger på grusvegen 10 m frå der ho låg, ho stokk og føyk opp ga frå seg eit boff, eg tenkte å hei hå no stikk ho og skal helse på joggeren så må eg slukøyra gå og beklage meg og hente ho! MEN neida når ho føyk opp og boffa, kom det automatisk eit skarpt nei frå meg, og då blei ho ståande, og la seg kjapt når eg kommanderte ligg igjen, YAY.

Så knepte eg på bandet, og festa sporline og sele i buksa og gjekk ein liten runde i lysløypa før me tusla til bilen :)



Denne veg!




Ehm eg har visst gått feil, gje eg 2 sek


Ballen!



Ohmnomnom kjekke kjekke ballen!!!! tenk at nokon hadde gløymt den i skogen, flaks at eg fant han!

0 synspunkt: